Sirkel, 2010

Prosjektet Sirkel vaks ut av ei årelang visuell undersøking av potensialet menneske/maskin. Etter at oppvekstmiljø i mekanisk industri kom inn som inspirasjonskjelde rundt 1990 har dette vore tematikken i arbeidet mitt.
Performancen vart utført to gonger under utstillinga Sirkel i det største romet i SKUR 2, Stavanger. Kledd i kvit dongeridress kjem eg stilt og bestemt inn i galleriet til publikum. Der står Maskin for sirkel: ei stor dreieskive sviv sakte rundt ved hjelp ein motor. Ei seng festa i taket med wire heng over dreieskiva. Strimlar av leire vert skorne og kjeda saman langs ytterkanten av skiva til dei dannar ein ring. Eg legg meg på senga. Med eit reiskap i handa formar eg ei konveks rille midt på ringen. Ein runde tek 20 minutt. Den skjelvande, presise rilla vert prega av kropp, pust, rørsle, motstanden i leira. Den vesle kontaktflata på den mjuke rilla er det einaste haldepunktet. Omdreininga er sakte, tida stoppar nesten opp. Når sirkelen er slutta går eg roleg ned frå senga og ut av romet.

 
4 SKUR2, liten kube 2.jpg