Jens Erland

Foto: Olav Garborg

Sidan 1995 har eg arbeidd seriellt med temaet menneske/maskin. Utifrå bakgrunn og oppvekst i to familie-verksemder har eg arbeidd med industri-rekvisittar som readymade-element. Historiane desse materiala er berarar av vert brukte som del av det kunstneriske innhaldet.
Eg arbeider langs to aksar, den eine er ei vidareføring av den orientalske påverknaden som var tema i Trondheim-utstillinga «DIALOG 1. Jens Erland møter Øst-Asiasamlingen» i 2014. Den andre aksen er ei politisering, utifrå ynskje om å kommentera trekk i samfunnet utan å miste den kunstnarlege gehalten.

Eg arbeider gjerne med kontrasten mellom det kraftfulle vedfyrte steingodsuttrykket og eit strengt presisert formalt formspråk. Ofte utnyttar eg optiske effektar i samspel med materialkombinasjonar. Som overordna tematikk byggjer eg arbeid som for ein stor del hentar kraft frå møtet mellom keramisk tradisjon, ebbande industrikultur og samtidskunstpraksis. Den formale metoden byggjer på sterk forenkling av hovedmotivet for å konsentrera dei meiningsbærande laga, ofte symmetrisk med små forskyvingar.

Jens Erland, Norske kunsthåndverkere
Jens Erland, Sunderø art gallery

 

Karen Erland

Foto: Fartein Netland

Foto: Fartein Netland

Når eg utviklar ei utstilling byggjer eg alltid på ei personleg forteljing og tek gjerne i bruk fleire medium som lyd, video og vatn. Eg er inspirert av samspelet i naturen, av menneskelege relasjonar, av historie og av minner.
Kva er att etter dei som er borte, kva fortset å «leva», kva form får det? Ein kan «sjå» personar, sjå form, kjenna lukt, høyra lyd. Når ein ser seg attende kan ein finna minner som står og lyser, men og risikera ein haug av knuste skår. Ein risiko eg også utfordrar i dei siste arbeida mine, der eg tømmer lag på lag med flytande porselen over klær og tekstilar brukt av andre. Eg turkar og brenn, tekstilane forsvinn, samstundes vert dei foreviga. Ein «ser» framleis det mjuke stoffet, men nå i eit nytt uttrykk, mjukt bøljande, gjennomskinleg porselen. Eg øydelegg for å bevara, byggjer nye historier av gamle minner og spør meg sjølv kvifor prosessen er så fascinerande. Har det noko med det usikre resultatet å gjera, ein fellesnemnar med ustabile minner? Det ferdige arbeidet kan bli fullt av sprekker, det kan få eit urovekkande og sårbart uttrykk, men likevel opplevast vakkert.

I tillegg til å utvikla utstillingar modellerer eg ulike objekt, relieff, krukker og kar, dreier koppar og skåler. Då arbeider eg ofte i seriar. Ein kopp er ikkje berre ein kopp, men ei form som alltid kan nyanserast og utviklast. Koppen er eit kvardagsobjekt som skal tilpassast lepper, smak, tyngd, innhald, varme og kulde. Det er alltid eit fascinerande og utfordrande arbeid.

Karen Erland, Norske kunsthåndverkere
Karen Erland, Sunderø art gallery